Metall

Tenden Container og Gjenvinning as tek i mot alle typar metallavfall. Alt innsamla metallavfall går til materialgjenvinning.

Motteke eller innsamla blir rensa for andre avfallstypar, før metallavfallet går til materialgjenvinning hjå ein av dei større gjenvinninarane i landet.

Metallavfall kan i hovudsak delast i 3 fraksjonar.

Jernskrap reint -mindre einingar.
Mindre einingar og ikkje tette behaldarar. Jernskrap reint og under maks mål er gjenstandar utan ureinheteiter under måla (0,5 x 0,5 x 1,5) meter som kan leverast ubehandla til omsmelting.

Jernskrap reint -større einingar.
Reine jernkonstruksjonar som er større enn (0,5 x 0,5 x 1,5) m eller tette behaldarar.

Jernskrap ureint.
Jernskrap ureint er for eks jernkonstruksjonar unnsett storleik som det er festa andre material til, som for
eks gummi, trevirke eller anna ikkje-magnetisk materiale. ( Arbeidsbenk i stål med benkeplate av tre).

Komplekst metall.
Komplekse metallgjenstandar er gjenstandar beståande av ulike materialar. Desse gjenstandane kan og ha mindre innslag av andre materialar så lenge det ikkje inneheld farleg avfall og EE-avfall. Eks på komplekst metall er syklar, grasklipparar og liknande.